Jordalen
Entreprenør A/S,
er
eit maskinentreprenørfirma
som vart starta i 1988
som personleg selskap under namnet John
H Jordalen, og endra til A/S i
1996 med namnet Jordalen
Entreprenør AS.
Han er også HMS- og KS-ansvarleg.
Håkon Helland er tilsett som anleggsleiar frå 01.01.11
Per
Konrad Tennebekk
er
tilsett som stikningsingeniør/ anleggsleiar frå 01.05.05
Mannskapet
er den viktigaste resursen vår,og me er totalt 20 personar
inkl dagleg leiar og arbeidande
styreleiar
Firmaet utfører:
Boring,
sprenging, graving, masseflytting, natursteinsmuring, plastring, grøftearbeid,
røyrlegging, linjebygging, jernbanetekniske
arbeid, rivingsarbeid,
fjellsikring og rassikring for stein og snø.
Dei
fleste prosjekta har me innan :
Kommunaltekniske
anlegg (veg, vatn og avløp), tomtearbeid, vegbygging, vassdragsregulering
(forbygning), vasskraftutbygging (damarbeid), fjellsikring og rassikring.
Me har sentral godkjenning etter den reviderte plan og bygningslova tiltaksklasse 3 (godkjenningsnummer 1998001208).Samt godkjenning i Sellihca Kvalifikasjonsordning for arbeid hjå energiselskap og godkjenning i TransQ for arbeid i transportsektoren.
Firmaet
har utarbeidd og innført Kvalitetssikringssystem og Internkontrollsystem for
Helse- miljø og sikring.
Begge
systema er baserte på MEF sin bransjemal.
Firmaet har løyve til å driva godstransport med motorvogn.
Me er godkjende som læreverksemd, og har lærlingar i anleggsmaskinførarfaget.
Me har mannskap med fylgjande fagbrev / godkjenningar:
- Fagbrev som anleggsmaskinførar
- Fagbrev som tømrar
- Fagbrev som bilmekanikar
- Sprengningssertifikat kl A
- ADK-1 sertifikat
- Kranførarsertifikat